Nyttårsbønn fra gammel salmebok

En nyttårsbønn på nynorsk fra en nå for lengst utgått salmebok (Landstads reviderte salmebok). Bønnen har rom for at livet både består av opp- og nedturer, takk og bønn om hjelp i det nye året. Sølvi har tatt med seg tradisjonen hjemmefra at bønnen blir lest i vårt hjem i forbindelse med årsskifte:

Nyttårsbøn

Nyttårsraketter

Me kjem til deg, kjære Fader i himmelen, denne siste dagen i året med takk og bøn. Atter ligg eit stykke av vår korte livsveg bak attom oss. Og vi er komne vel fram, for di trufaste faderhand leidde oss.

Du har vore god i mot oss, di miskunn har vore stor over oss, du har passa på vår lekam og sjel i det året som gjekk. Og kom det prøvingar som fall oss tunge, så har du då og vore med oss med tru og tolmod. Me seier med glede: Til no har Herren hjelpt! Og me ber fram for deg vår hjertans takk for det du gav og for det du tok.

Me veit at me ikkje alltid kan ha berre dei gode tinga som du gjev oss her til gagn og gleda. Dei er eit lån, og me skal gjera deg rekneskap for dei. Å, Herre Gud, tilgjev all utruskap i hushaldet vårt. Tilgjev oss syndene våre, for Jesu skuld. Og frels oss frå avgudsdyrkande kjærleik til det forgjengelege, gjev at me kan søkja det ævelige gode, så me ikkje skal spilla tida vår, og øydelegge med livet vårt, og sløser bort krafta vår til unyttes.

Les mer 🙂