• Velkommen til blogg.brr.no!

    foto.brr.no

    - En ventil for mine (sterke) meninger, protester, engasjement og interesser
    !

    Noen av temaene til denne bloggen er "protest kristendom" (kritisk kristen), IKT, foto og litt politikk. Overflatisk gladblogging finner du lite av her!

    Bilder er tilgjengelig i mitt fotogalleri på adressen foto.brr.no.

    Takk for at du avlegger bloggen og eventuelt bildegalleriet et besøk!

    Bjørn Roger Rasmussen, Flatraket 19.08.2017.


Nyttårsbønn

(Artikkel sist oppdatert: 03.01.2017).

En nyttårsbønn på nynorsk fra en nå for lengst utgått salmebok. Bønnen har rom for at livet både består av opp- og nedturer, takk og bønn om hjelp i det nye året. Sølvi har tatt med seg tradisjonen hjemmefra at bønnen blir lest i vårt hjem i forbindelse med årsskifte:

Nyttårsbøn

Nyttårsraketter

Me kjem til deg, kjære Fader i himmelen, denne siste dagen i året med takk og bøn. Atter ligg eit stykke av vår korte livsveg bak attom oss. Og vi er komne vel fram, for di trufaste faderhand leidde oss.

Du har vore god i mot oss, di miskunn har vore stor over oss, du har passa på vår lekam og sjel i det året som gjekk. Og kom det prøvingar som fall oss tunge, så har du då og vore med oss med tru og tolmod. Me seier med glede: Til no har Herren hjelpt! Og me ber fram for deg vår hjertans takk for det du gav og for det du tok.

Me veit at me ikkje alltid kan ha berre dei gode tinga som du gjev oss her til gagn og gleda. Dei er eit lån, og me skal gjera deg rekneskap for dei. Å, Herre Gud, tilgjev all utruskap i hushaldet vårt. Tilgjev oss syndene våre, for Jesu skuld. Og frels oss frå avgudsdyrkande kjærleik til det forgjengelege, gjev at me kan søkja det ævelige gode, så me ikkje skal spilla tida vår, og øydelegge med livet vårt, og sløser bort krafta vår til unyttes.

Å, lær oss, medan tidene går, å trå etter det som er i himmelen, der Kristus sit ved di høgre hand. Vår tid er kort og snart utrunne, i dag eller i morgon – me veit det ikkje. Men det er vår trøyst, at du er med oss både i liv og i død. Du evige Gud som ikkje forandrar deg. Du er den du var, du vert verande den du er, og dine år får aldri ende. Gjev at me kan vera i deg til evig lykke og frelse.

Å Herre Gud og Fader, tenk framleis på oss i nåde, og lat dei år og dagar me enno skal leva, verta ei velsigna nådetid for oss. Ver med oss i det året me no gjeng inn i, slepp oss ikkje og gå ikkje i frå oss, du vår Frelse – Gud.

Gjev oss framleis dine gode gåver til lekam og sjel. Send oss eit godt og gledeleg, eit fredeleg og grøderikt år. Men framfor alt, gjev nye heilage ånds tider i hjarta våre og i kyrkja vår, så du ikkje skal leita fåfengt etter frukt i vingarden din.

Me står ved inngangen til det nye året, me lyfter bønehender og seier i Jesu namn: Gud beskytte vår inngang og vår utgang frå no og til æveleg tid. Lat det gamle året renna ut i Jesu namn. Og lat det nye året renna opp i Jesu namn. Me gjeng roleg, trygt og uredd fram i Jesu dyre namn. I det vil me leva, i det vil me døy.

Velsign oss Gud Fader.
Velsign oss Guds son.
Velsign oss Herre Heilage Ande.

AMEN!

Utskrift

Om Bjørn Roger Rasmussen

Ta en titt på undersiden "Om bloggen" for mer informasjon om bloggforfatter. Les ellers mer om meg, Bjørn Roger Rasmussen (BRR), på min personlige nettside: http://www.brr.no/
Tagged , .Bokmerk permalink.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *